Gode erfaringar med bruk av SmoltTimer

Settefiskanlegga i Marine Harvest Norway AS, region Vest, har vore med i uttestinga av SmoltTimer frå starten, og brukar no analysa aktivt gjennom heile smoltifiseringsprosessen.

Artikkel fra Pathos #1-2013

- Marine Harvest Norway AS, som andre aktørar, treng dokumentasjon på at fisken er klar for sjøvatn i samsvar med dei planane og styringsregima som blir brukt på våre anlegg. Metodane for å måle smoltstatus er fleire og feltet varierande, og det er svært viktig med presise og samanliknbare analysesvar.

John-Ivar Sætre - Regionsleder ferskvann, region Vest
Marine Harvest Norway AS

Det er mange forhold som kan påverke smoltifiseringa, og det er derfor viktig å ha eit verktøy kor ein kan handle proaktivt i løpet av produksjonssyklusen og kor ein sit igjen med eit bevis og ein rapportsom gjev oss ein tydeleg status på smolten under produksjonen og ved utsett. Vår erfaring med SmoltTimer, etter at vi har testa og brukt analysa dei siste åra, er at vi ser ut til å få ein meir konsis veg mot ein optimal smoltverdi. Det er sjølvsagt ikkje hyggeleg når overraskingar dukkar opp under produksjonen, men det er enklare å forstå og dokumentere overraskande resultat ettersom vi har blitt meir kjend med bruken og analysemetoden.

- SmoltTimer er for oss det beste verktøyet til prognosar for utsettingstidspunkt av smolt. Analysen bevisstgjer oppdrettar til å være proaktiv, og reagere dersom SmoltTimer-analysene ikkje følgjer smoltprognosen og anlegga sin produksjonsplan. SmoltTimer saman med ein godt tilrettelagt produksjonsplan med lys, temperatur, bruk av sjøvatn og god sortering har vore suksessfaktorane for oss.

Knut Hofseth - Tidligere driftsleder avd. Flø
Marine Harvest Norway AS

Utvikling av analysesvar, smoltprognose og morfologistatus gjer SmoltTimer-rapporten til eit godt verktøy med informasjon på dei enkelte parti som går i sjø. Med eit kjent og målsatt tal blir resultata samanliknbare for alle utsett frå år til år. SmoltTimer er blant anna eit viktig redskap for "benchmarking" og avklaring av eventuelle tilfelle som ikkje har blitt heilt optimale, og der smoltifisering og smoltens status fort blir tema.

Det er i tillegg veldig positivt at prøveuttak kan utførast med enkel gjelleklipping og sending, utan behov for større planlegging eller førebuing i forkant som blir tidkrevjande frå oppsett prøve til analysesvar.